Koblar folk, næring og framtid saman
Kystvegen Ålesund-Bergen er ei medlemsforeining som jobbar for å styrke infrastrukturen og byggje saman regionane langs kysten mellom Ålesund og Bergen. 17 kommunar mellom Ålesund og Bergen er medlemmar, i tillegg til at regionen Nordhordland har felles medlemsskap. Kystregionen mellom Ålesund og Bergen er særs ressursrik og produktiv. Men det er behov for betre vegsamband langs kysten, mellom anna for å skape større bu- og arbeidsområde.
I tillegg til dei store fjordkryssingsprosjekta må ein ikkje gløyme «kvardagsvegane» i regionen. Mange vegar manglar gul stripe, og endåtil det å sleppe å rygge. Dette handlar også om tryggleik og beredskap. Utbetring av desse vegstykka kan vere lågare frukter enn dei store prosjekta, samtidig som dei har stor effekt på framkomelegheita.
Kystvegen vil gi ny vekstkraft til næringsliv og lokalsamfunn!


Prosjekta
I tillegg til å jobbe med overordna rammevilkår for blant anna ferjeavløysingsordninga, så har foreininga peika ut følgjande prosjekt som ein spesielt jobbar med å få realisert:
- E39 Vegsund – Breivika (Ålesund)
- Hafast, kryssing av Sulafjorden (Sunnmøre)
- Rovdefjordsambandet, kryssing av Rovdefjorden mellom Vanylven og Sande (Sunnmøre). I tillegg tunnel Årvik – Almestad.
- 45-minuttsregionen/Kystvegen Måløy – Florø, vegsamband mellom Måløy, Bremanger og Florø, kryssing av Nordfjorden (Nordfjord/Sunnfjord)
- Atløysambandet, fastlandssamband for Atløy (Sunnfjord/HAFS). Prosjektet er i gjennomføringsfase.
- Ytre Steinsund (Ytre Sogn/HAFS). Prosjektet er i gjennomføringsfase.
- Fv 570 Masfjordsambandet, kryssing av Masfjorden (Nordhordland).
Sidan Kystvegen Ålesund – Bergen vart oppretta, har fleire trasear blitt realisert og gjennomført:
- Bremanger 1 og 2
- Dalsfjordsambandet
Aktivitetar
Styret i Kystvegen Ålesund – Bergen har som mål å arrangere Kystvegkonferansen våren 2027, i samarbeid med ulike samarbeidspartar.
Fellesskapet i Kystvegen kan vere ein viktig bidragsytar for å redusere reisetida Bergen – Ålesund. Samstundes kan det vere nøkkelen for å få realisert fastlandssambandet over Rovdefjorden.
Paul Sindre Vedeld
Ordførar, Vanylven kommune og nestleiar i Kystvegen

Medlemskommunar
- Ålesund
- Sula
- Hareid
- Ulstein
- Herøy
- Sande
- Vanylven
- Stad
- Kinn
- Bremanger
- Sunnfjord
- Askvoll
- Fjaler
- Hyllestad
- Solund
- Gulen
- Nordhordland, felles medlemsskap
- Bergen
Samarbeidspartnarar
- Møre og Romsdal fylkeskommune
- Vestland fylkeskommune
- Næringsutviklingsselskap langs kysten
- Vegselskap
- Hafast
- Rovdefjordsambandet
- 45-minuttsregionen (Kystvegen Måløy – Florø)
