Kystvegen Ålesund – Bergen på barrikadane saman

Kystvegen skal gje internt samband i ein del av landet som er spesielt ressursrik. Jan-Henrik Nygård som leiar organisasjonen er opptatt av at dei er mange enkeltprosjekt som skal binde gullkysten saman. Med ny nettside satsar vi på å bli flinkare til å oppdatere folk om arbeidet vi driv for å påskunde denne viktige traséen.

Gul stripe frå Ålesund til Bergen er målet til gruppa, som har stor oppslutnad langs heile kyststripa. Saman skal vi bygge ein ny kvardag – med større bu og arbeidsområde. Skal næringslivet og ungdommen tore å satse – må det leggast til rette med infrastruktur.

Framdrift på prioriterte prosjekt
Jan-Henrik Nygård ser det som si viktigaste oppgåve å jobbe for framdrift i dei sakene som allereie er prioriterte. Mange mindre enkeltprosjekt langs kyststripa skal korte inn omvegar og supplere der veg manglar – og her må vi få fart på sakene. Kystvegen Ålesund – Bergen skal vere ein overordna organisasjon – som samlar dei gode kreftene og ser heilheitleg på det som vi kallar gullkysten. Det er her verdiskapinga skjer og det er alle desse mindre prosjekta som saman bygger sjølve kystvegen.

Ver utålmodig
Selskapet som jobbar for vegen mellom Måløy og Florø – 45 minuttsregionen – er eit godt døme på det. Styreleiaren i prosjektet, Reidar Sandal, står på og følgjer opp vedtaka fortløpande. Sandal og styret hans er utolmodige og tar initiativ i forhold til neste utviklingssteg. Dei utfordrar kommunane til å tenke framover – og få regulerings- og planarbeidet på plass i ein tidleg fase. Dei jobbar og grundig med finansieringsarbeidet, forsikrar Nygård.

Møte samferdsleministeren
Med seg i styret for kystvegen har Nygård folk som representerer områda og prosjekta langs trasèen. Styret arbeider for eit møte med samferdsleministeren i nær framtid, i samarbeid med representantar for delprosjekta. Det er viktig for å skape goodwill og forståing høgre oppe i det politiske systemet. Realisering av Kystvegen frå Ålesund til Bergen er avgjerande for busetnad og næringsliv langs kysten.

For meir info ta kontakt med:

Jan-Henrik Nygård
E: jan.henrik@norblikk.no 
T: 48013161
www.kystvegen.no

Styret i Kystvegen Ålesund – Bergen

Jan-Henrik Nygård, dagleg leiar Kystvegen Ålesund - Bergen.