Den glade måløyværingen Frode Kupen har verdas beste jobb. Han skulle berre ønske at vegen dit var enklare.
Industrikommunen Kinn ligg midt mellom Ålesund og Bergen, og har bedrifter som leverer på nasjonal og internasjonal skala. Frode Kupen bur i Måløy og pendlar dagleg til Florø for å kome seg på jobb. Eg jobbar i Havland som er ei bedrift som satsar på landbasert oppdrett av torsk. Det er verdens beste jobb, fortel han. Men vegen dit er eit dagleg sjansespel.
Når eg først starta i Havland, så prøvde eg å pendle med båten. Problemet var at ettermiddagsruta til Kystvegekspressen frå Florø til Måløy ofte blei kansellert, og eg må bli igjen i Florø til dagen etterpå. Etter å ha overnatta i Florø fleire gongar, bestemte eg meg for å pendle med bil for å få meir stabilitet.
Bu og arbeide i same kommune er eit minimumsmål
Infrastrukturen mellom Måløy og Florø er skjør, og vegen er såpass dårleg at det er vanskeleg å pendle når det er snø om vinteren og turisme med campingbilar på sommaren. Kvar dag er det noko nytt å tenke på. Å flytte til Florø er heilt uaktuelt for Frode. Eg ser på det som opplagt at det skal vere mogleg å bu og pendle til jobb i ein og same kommune, seier han.
Vegutbygging gjer ein vanskeleg situasjon verre
Til vanleg er infrastrukturen krevjande, men no er det krise i følge Frode. Ved Sørdalselva, mellom Svelgen og Bortnetunnelen, er dei no i gang med vedlikehaldsarbeid og vegen er periodevis stengt. Pendlarvegen tek til vanleg rundt to timar og eit kvarter. Reisa tek no enda lenger tid og har ikkje rom for forseinkingar.
Eg startar reisa med å ta ferja frå Måløy 06.55 og er på Oldeide 07.25. Det tek 25 minutt for meg å køyre til Sørdalselva, så lenge det ikkje er hindringar i vegen. Vegen stenger 08.00, og eg må vente i to timar dersom eg ikkje rekk det.
«Eg blir heilt svett når eg har lagt opp til siste ferja heim og så kjem eg til Indrehus og ser ei campingvogn»
Vegen heimover er utfordrande, for å seie det fint. Skal eg kome heim i skapeleg tid, må eg reise frå jobb i god tid før vegen opnar og likevel er tidsvindauget knapt. Opninga av vegen korresponderer heller ikkje med ferjeavgangen, som går om 20 minutt. Det er ikkje forsvarleg å køyre inn fem minutt på så kort tid og på slike vegar. Mistar eg den ferja, må eg vente over ein time på neste, og då blir det ein svært lang dag. Det er tungt å bruke tolv timar av døgnet på pendling og arbeid. Nokre gonger går klokka frå meg på jobb og eg må overnatte i Florø fordi eg ikkje kjem til å rekke den siste ferja heim. Å ha det så uberekneleg er ikkje foreinleg med familielivet, forklarar han.
Det er heller ikkje mobildekning ved vegstenginga. Då er det ikkje enkelt å gje beskjed til dei heime om at ein er forsinka, eller mogleg å sjekke 175.no for når neste opning er. Eg har snudd mange gangar der oppe og reist ned igjen til Svelgen for ein kaffikopp medan eg ventar, seier han fortvila.
Lokalsamfunna blir tvinga i kneståande
Sjølv om vedlikehaldsarbeidet ved Sørdalselva er midlertidig, ser han at det vil bli krevjande for lokalsamfunna framover. Eg er kjempebekymra for korleis det vil vere den dagen vegane endeleg blir utbetra og ein har periodar med vegarbeid og stenging. Det er ikkje tvil om at det blir kjempebra til slutt, men da spørst det om ein allereie har tynt lokalsamfunna lenge nok. Vi har allereie så skjør infrastruktur mellom Måløy og Florø, og det kan vere snakk om fleire timar omkøyring når det er stengte vegar. Slik det er no så driv ein med konsekvent nedbygging av samfunna på kysten, som skapar viktige verdiar for Norge. Når ein ser kva ulike næringslivsaktørar får til her til trass for manglande infrastruktur, så kan ein begynne å tenke på kva dei hadde fått til med infrastruktur på plass.

Frode Kupen pendlar kvar dag med bil for å komme seg til jobben hos Havland. No står han ofte og ventar på at vegen ved Sørdalselva skal opne.
Effekten av å stå samla
Frode er tydeleg på kva som må til for å finne løysingar. Vegen mellom Måløy og Florø er ei viktig pulsåre for industrien, og er like viktig for å halde dei små lokalsamfunna i live. Då må infrastrukturen ha nok stabilitet og forutsigbarheit til å vite at vi kjem oss fram dit vi treng. Vi må slå oss saman og gi klar beskjed om at vi ikkje lenger skal ha ein infrastruktur som tvinger oss ned i kneståande. Lokalsamfunna og industrien treng stabilitet og god nok infrastruktur til å i det minste kunne fungere, slik at vi har ei framtid, avsluttar han.




