Styret i Kystvegen Ålesund – Bergen hadde i starten av februar styresamling i Bergen. Der møtte ein politisk leiing og administrasjon i Vestland fylkeskommune, i tillegg til å ha styremøte.
Kystvegen Ålesund-Bergen er ei medlemsforeining som jobbar for å styrke infrastrukturen og byggje saman regionane langs kysten mellom Ålesund og Bergen. 17 kommunar mellom Ålesund og Bergen er medlemmar, i tillegg til at regionen Nordhordland har felles medlemsskap. Kystregionen mellom Ålesund og Bergen er særs ressursrik og produktiv. Men det er behov for betre vegsamband langs kysten, mellom anna for å skape større bu- og arbeidsområde.
I tillegg til dei store fjordkryssingsprosjekta må ein ikkje gløyme «kvardagsvegane» i regionen. Mange vegar manglar gul stripe, og endåtil det å sleppe å rygge. Dette handlar også om tryggleik og beredskap. Utbetring av desse vegstykka kan vere lågare frukter enn dei store prosjekta, samtidig som dei har stor effekt på framkomelegheita.
Styret består i dag av:
- Bengt Solheim-Olsen, Kinn kommune (styreleiar)
- Paul Sindre Vedeld, Vanylven kommune (nestleiar)
- Håkon Lykkebø Strand, Ålesund kommune (styremedlem)
- Erlend Kvamsdal, Masfjorden kommune (styremedlem)
- May-Lynn Osland, Gulen kommune (styremedlem)
- Martine Jordana Barholm, Bergen kommune (varamedlem)
- Kristin Maurstad er leigd inn som sekretariat frå Kinn kommune.
– Det er viktig å få realisert Kystvegen Ålesund – Bergen fordi den knyter sterke næringslivsklynger tettare saman , seier styreleiar i Kystvegen Ålesund – Bergen og ordførar i Kinn, Bengt Solheim-Olsen. – I ein region der E39 ikkje løyser kommunikasjonsutfordringane langs kysten er det viktig å få gjort utbetringar både på kort og lang sikt som vil sikre høg aktivitet og stor verdiskaping hos bedriftene våre og dermed bidra til fleire arbeidsplassar og høgare sysselsetting lang den forblåste kystlinja vår.
I møtet med Vestland fylkeskommune gjekk ein gjennom aktuelle vegprosjekt i Vestland, som Kystvegen Måløy – Florø og Masfjordsambandet. Ein hadde også ein bolk om ferjeavløysingsordninga. Vestland fylkeskommune har eit pågåande arbeid for å føreslå forbetringar i ordninga. Dette kjem til politisk behandling i løpet av våren.
I dialog med utvalsleiar i samferdsleutvalet i Vestland fylkeskommune, Arve Helle, diskuterte ein utfordringane og moglegheitene i fylkesvegprosjekta. Helle var tidlegare sentral i kystvegarbeidet, som mangeårig ordførar i Fjaler kommune.
– Det var nyttig for meg å få ei oppdatering på arbeidet med Kystvegen Ålesund – Bergen. Dette er eit viktig prosjekt for kysten i den nordlege delen av Vestland, seier Arve Helle.
Styret planlegg fleire aktivitetar framover. Mellom anna styremøte i Ålesund i april, der dei får orientering om aktuelle vegprosjekt i Ålesundsregionen. Sist styremøte var i Måløy i desember, der det blei gitt orientering frå Kystvegen Måløy – Florø og Rovdefjordsambandet.
Kystvegen Ålesund – Bergen ønskjer også å børste støv av Kystvegkonferansen, som blei arrangert fleire gongar på 2010-talet og sist i 2022. Målet er å arrangere konferanse våren 2027, mest sannsynleg i Florø.
Fellesskapet i Kystvegen kan vere ein viktig bidragsytar for å redusere reisetida Bergen – Ålesund. Samstundes kan det vere nøkkelen for å få realisert fastlandssambandet over Rovdefjorden, seier Paul Sindre Vedeld, ordførar i Vanylven og nestleiar i styret.
– Skal vi sikre livskraftige lokalsamfunn langs kysten, må vi knyte bu- og arbeidsmarknadene tettare saman. Når avstandane vert kortare og sambanda meir føreseielege, får vi større tilgang på arbeidskraft og kompetanse, og eit breiare grunnlag for vekst og utvikling, seier Erlend Kvamsdal, ordførar i Masfjorden og styremedlem. -Eit meir samanhengande og døgnope vegnett styrkjer og beredskapen og gir betre tenesteyting i distrikta. Det gjer kvardagen enklare for folk og meir forutsigbart for næringslivet. Kysten skaper store verdiar, og då må vi og investere i vegane som bind han saman, held Kvamsdal fram.



