Styret i Kystvegen ber fylkeskommunen prioritere kysten – NTP

Kystvegen Ålesund-Bergen er ein medlemsorganisasjon som jobber for å styrke kommunikasjonane langs kysten og i kystkommunane på nordvestlandet. Alle kystkommunane frå og med Bergen til og med Ålesund er medlem i organisasjonen. Målet er å bidra til at ein byggjer sterkare bu-, arbeids- og serviceregionar langs kysten, og synleggjere potensialet som ligg i vekst og verdiskaping ved å styrkje kommunikasjonane i desse områda.

Styret i Kystvegen ber fylkeskommunen prioritere kysten

I sitt høyringsinnspel til Vestland Fylkeskommune sin prosess for Nasjonal Transportplan, ber styret i Kystvegen Ålesund-Bergen om at fylkeskommunen prioriterer infrastruktur langs kysten høgare i sine eigne prioriteringar.

Nasjonal Transportplan handlar i all hovudsak om vegar og infrastruktur som staten sjølv har ansvar for, som riksvegar, europavegar, skipslei, tog og flyplassar. Men med unntak av nokre tverrsamband aust/vest er det i liten grad riksvegar langs kysten mellom Bergen og Ålesund. E39 ligg lenger inne i landet, og bidreg verken til felles bu- arbeids- og serviceregionar langs kysten, eller betra kommunikasjon og samhandling mellom kystkommunane, skriv dei i sitt innspel.

Styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen, Frank Willy Djuvik, skriv i ei pressemelding at dei har ei forventning til at når Staten investerer milliardar på riksvegane i indre og midtre delar av Vestland Fylke, som i liten grad får positive lokale og regionale effektar på kysten, så må det føre til at fylkeskommunen sjølv prioriterer investeringar i kommunikasjonar langs kysten høgare i sine eigne prioriteringar.

– Potensialet for vekst i kystnæringane og auka nasjonal verdiskaping er veldokumentert. Ein styrka infrastruktur langs kysten vil betre tilgangen til arbeidskraft, knyte saman fagmiljø, sikre lågare transport og produksjonskostnader, auke veksten og lønnsemda i bærekraftige framtidsnæringar, samt bidra til lågare utslepp gjennom betra tilgang til hamner for å få gods over frå veg til sjø, seier han.

I si høyring peikar og styret på at fylkesvegnettet er i langt dårlegare stand og har generelt sett lågare standard enn riksvegnettet. I tillegg til eit stort vedlikehaldsforfall på fylkesvegane er det store behov for investeringar for å betre infrastrukturen og få ned reisetida på kysten, skriv dei.

Dei ber og om at staten gjennom Nasjonal Transportplan må syte for at det vert øyremerka nok midlar til å både ta att vedlikehaldsetterslepet og sikre framtidsretta investeringar på fylkesvegnettet. I tillegg til dette ber dei om at Staten og stiller opp med delfinansiering på særleg viktige fylkesvegprosjekt som bidreg positivt til auka eksportverdi, lågare utslepp og styrkja bu- arbeids og serviceregionar.

Styret peikar på at ei styrking av ferjeavløysingsordninga for fylkesvegnettet vil bidra til finansiering av mange viktige prosjekt langs kysten, samstundes som det gjer enorme framtidige innsparingar for det offentlege, samt får ned reisetid og ulemper for dei vegfarande. Dei peiker blant anna på Masfjordsambandet, Atløysambandet, Ytre Steinsund og Tongane- Biskjelsneset som er prosjekt som kan realiserast innanfor ordninga i Vestland fylke.

Djuvik seier at alt tyder på at kostnader knytt til ferjedrift og investeringar i nytt materiell og kaier vil stige i åra framover. Nytt ferjeanbod for fylkesvegferjene i tidlegare Hordaland har ført til at kostnadane til ferjedrift i Vestland fylkeskommune auka frå 538,4 millionar i 2019, til 901,6 millionar i 2020. Ein må truleg rekne med tilsvarande auke for tidlegare Sogn og Fjordane når desse sambanda skal lysast ut igjen. Dette gjer at ferjeavløysingsordninga faktisk vil gje endå større innsparingar for det offentlege i åra framover, seier han.

Sjølv om rammeoverføringa til ferjedrift er ein del av dei frie inntektene til fylkeskommunane i inntektssystemet, så har ein lagt begrensingar på kor mykje av dei innsparte midlane ein kan bruke til å dekke renteutgifter, og at ein skal trekkje frå eventuelle bompengeinntekter. Dette legg ein stor begrensning på muligheten til å nytte ordninga, då renteutgiftene dei første åra er så store at ein må belaste det øvrige driftsbudsjettet for å finansiere bygginga. Dette er ein både ulogisk og urimeleg avgrensing, og den må fjernast. På same måte, må ein og fjerne regelen om at inntekter frå bompengar skal trekkast ifrå ferjeavløysingsmidlane.

Å fjerne desse avgrensingane vil ikkje føre til auka ulempe eller kostnader for verken staten eller fylkeskommunane, men det vil bidra til at mange prosjekt langs kysten vil kunne realiserast utan at det vert ei stor økonomisk belastning for dei enkelte fylkeskommunane meiner styret.

Pressemeldinga i media

For ytterlegare info eller kommentar:

Frank Willy Djuvik, Styreleiar
E: frank.willy.djuvik@gmail.com
T: 926 26 976

Styret i Kystvegen Ålesund – Bergen