Pilskog Varetransport har 14 bilar som fraktar elektromateriell, gass og maling til industrikundar langs kysten.
Dårlege vegar og forseinka ferjer skapar utfordringar og lange dagar for lastebilsjåførar langs kysten. På den ytre traseen mellom Måløy og Ålesund køyrer distribusjonsfirmaet Pilskog Varetransport. Familiebedrifta har 14 bilar på vegane som leverer elektromateriell, gass og maling til industrikundar.
Yrkessjåfør Fredrik Lübbe køyrer for Pilskog Varetransport mellom Ålesund og Måløy. Han skildrar ein arbeidskvardag som ikkje er slik den bør vere:
– Det er veldig smale vegar og ein sit i spenn heile tida. Det er omtrent berre i innfartsårene ein kan senke skuldrane når ein køyrer. I tillegg er vanlege passasjerbilar i dag breiare, men vegane er dei same. Det er små marginar og kort veg til katastrofe. Eg meiner alle burde prøve å sitje på når vi køyrer desse rutene, då hadde dei fått ei betre forståing av kor utfordrande det er å være lastebilsjåfør, forklarar han.
Uføreseielege forhold
Det er ikkje berre vegstandarden som er ei utfordring for yrkessjåførane. Dagleg leiar i distribusjonsfirmaet, Christine Rønning, fortel at ferjeinnstillingar påverkar både kundar og sjåførar og fører til meir administrasjon hjå dei. Ho skildrar eit tydeleg døme på at situasjonen ikkje er optimal:
– Vi skulle over fjorden med ein lastebil med ammoniakk, og med det følgjer avgrensingar for tal passasjerar på ferja. Vi bestilte plass på ferja to timer før avgang, slik reglane krev. Sjåføren var på veg til ferjekaia, men 15 minutt før avgang fekk vi beskjed om at lastebilen måtte ha stått på kaia i minst 30 minutt før for å bli prioritert ombord. Denne regelen var ukjent for oss, men vi fekk altså ikkje bli med på den bestilte avgangen. Heller ikkje neste ferje fekk sjåføren ta, sidan plassen vi hadde bestilt var på førre ferje. Slike situasjonar skapar forseinkingar og påverkar sjåførens arbeidstid, noko som er krevjande med tanke på krav til køyre- og arbeidstid. Ferjer, tunnelar, dårlege vegar og uføreseielege forhold gjer det vanskeleg for oss. Det skaper også ekstra arbeid for oss og våre kundar, då vi må administrere og informere om forseinkingar og endringar. Heldigvis har vi gode kundar som forstår kvar i landet vi bur, seier ho.
Dominoeffekt
Fredrik legg til at sjølv ei lita endring får store konsekvensar:
– Det er lett å tenke at når ferjene går kvart 20. minutt, så vert ikkje forseinkingane så store av å miste ei, men 20 minutt i transportyrket er mykje og det fører til ein dominoeffekt på resten av ruta. Vi skal på same tid ta omsyn til køyre- og kviletid og halde oss til lovar og reglar. Då er vi heilt avhengige av at ting flyt, forklarar han.
Han stiller spørsmål ved om ferjene i dag er bygd dårlegare enn før:
– Ferjene har blitt større og batteridrivne, men har samtidig for lite motorkraft til å takle sterk vind, noko vi har rikeleg av her. Og når vinden vert for kraftig, får ferjene heller ikkje krysse.

Fredrik Lübbe (yrkessjåfør) og Christine Rønning (dagleg leiar) i Pilskog Varetransport fortel om krevjande arbeidsdagar langs kysten.
Dette meiner han viser behovet for å tenke annleis om fjordkryssing. Sjølv ynskjer han seg bruer framfor både ferje og undersjøiske tunellar:
– Skulle vi hatt undervasstunellar vil det gje bratte bakkar, sidan fjordane våre er så djupe. Med lastebilar som veg opptil 26 tonn, betyr det høgt dieselforbruk, eller stort batteriforbruk dersom bilen er elektrisk. For oss som yrkessjåførar er bru heilt klart å føretrekke, avsluttar han.




