Foto: FjordKysten og Sunnfjord
I 1974 starta dei første tankane om ei bru mellom Dale og Fjaler. Først i 2012, 38 år seinare, stod den ferdig med ein kronglete veg fram mot realisering. Under opninga kalla dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes det for «veganlegget med verdas kanskje lengste svangerskap». No har den vore del av kvardagen i snart 15 år, og det merkast.
Leif Jarle Espedal er ordførar i Fjaler kommune, og er klar på bru-effekta:
– Dalsfjordbrua har vore heilt avgjerande for utviklinga i regionen vår. Ho har knytt folk og lokalsamfunn tettare saman, gitt kortare reisetid og skapt nye moglegheiter for næringslivet og fellesskapet på begge sider av fjorden. Trafikken over brua har langt overgått prognosane, noko som viser kor viktig denne investeringa har vore. Brua har òg stor betydning for Dale vidaregåande skule, der mange elevar har fått kortare og enklare reiseveg, fortel ordføraren.
Han er også opptatt av å rose bidragsytarane som har snakka opp brua:
– Vi må ikkje gløyme den store innsatsen som vart lagd ned for å få brua realisert. Då Liv Signe Navarsete vart takka av som statsforvaltar i Vestland, trekte ho fram Dalsfjordbrua som ei av dei viktigaste sakene ho hadde arbeidd med, både som fylkespolitikar og samferdselsminister. Det seier mykje om kor viktig denne saka var. Den lokale aksjonskomiteen gjorde òg ein formidabel jobb, ikkje minst gjennom å bruke humor og kreativitet for å skape merksemd og engasjement. Dette var viktige bidrag til at ein til slutt fekk vedtak om bygging, seier han.

Leif Jarle Espedal, ordførar i Fjaler kommune, ser ringverknadar av brua.
Foto: Anniken Gjørøy.
God infrastruktur er avgjerande for tilflytting
Linda Hovland bur i Fjaler og er dagleg leiar i Framtidsfylket, ein organisasjon som jobbar med å løfte fram Vestland som bu- og arbeidsregion. Ho meiner god infrastruktur er avgjerande for kvar folk vel å busetje seg.
– Vi ser at infrastruktur er veldig viktig for at folk skal slå seg ned ein plass. Å ha tilgang på butikkar, turar i nærområdet og kulturtilbod er viktig for at folk skal trivast der dei er. Vi i Framtidsfylket opplev at studentar som ikkje har lappen aukar. Derfor er tilgang på flyplassar, ekspressbåtar, bussruter og andre offentlege framkomstmiddel som gjer det mogleg å reise lenger viktig for at nytilflyttarar skal velje bygdene, seier ho.
Større tilbod for innbyggjarane
Etter at sambandet kom, er Fjaler og Askvoll knytt tettare saman.
– Det er jo på mange måtar ein ny kvardag etter Dalsfjordsambandet kom på plass. No er vi tettare på nærområda rundt. Vi har større tilbod av tenester som butikkar, kaféar og kulturliv, og bedrifter som leverer fysiske tenester kan enkelt krysse fjorden i staden for å bruke ein heil arbeidsdag for å kome seg ein plass, fortel ho.
Stod samla om eit prosjekt
Dalsfjordsambandet var ein lang prosess, men det er ein ting som Linda trur er avgjerande for realiseringa av brua.
– Det som eg trur var viktig, var at ein stod samla bak eit prosjekt og fokuserte på positiv omtale om eige prosjekt i staden for å snakke ned andre sine prosjekt. Før brua blei bygd var det mange stunt frå lokalsamfunnet for å vise fram kor viktig prosjektet var, forklarar ho.
Fotballklubben for sambygdingar
Eit av engasjementa Linda trekkjer fram er fotballklubben Krabbetor FK. Initiativet starta med to personar som ønska ein møteplass for sambygdingar i Bergen. Tor Einar Erikstad er ein av intitiativtakarane til Krabbetor. I dag er han partner i Aider med kontor og bustadsadresse i Holmedal.
– Det var eit ønske om å få skape ein møteplass for sambygdingar i Bergen. Fotballklubben stifta vi i 2007 og i den mest aktive perioden var dei 50 betalande medlemmar. Då stilte vi med to herrelag og eit damelag i serien, fortel Tor Einar.
Han trur at brua har hatt innverknad på tilbakeflytting:
– Eg vil sei at kanskje 90 % av dei som var med i Krabbetor har flytta heim igjen. Eg trur ikkje det talet hadde vore så høgt om det ikkje var for brua. Så den har absolutt hatt innverknad på at så mange valde å busette seg nord for Sognefjorden i staden for i dei større byane, seier han.

Krabbetor FK bestod for det meste av sambygdingar i HAFS-regionen som ønska ein felles møteplass. Dette er frå fotballsesongen i 2013. Foto: Krabbetor FK.


Dalsfjordbrua er vakker i alle årstider og uansett på dagen.
Avgjerande å få realisert slike prosjekt
Frå eit vegprosjekt med verdas kanskje lengste svangerskap har Dalsfjordsambandet blitt ein del av kvardagen for næringslivet, pendlarar og fastbuande. For folk i regionen har det gjort kvardagen enklare. Reisevegen til jobb, butikk og tenester er kortare. Realiseringa av slike prosjekt er viktige for noverande innbyggarar, men også for å sikre framtidas arbeidskraft og bebuarar i krikar og krokar langs vestlandskysten.
– Dalsfjordbrua er eit tydeleg bevis på kva vi kan få til når lokale eldsjeler, politikarar og næringsliv dreg i same retning. Når vi bind lokalsamfunn saman, skaper vi også grunnlag for vekst og framtidstru, avsluttar Leif Jarle.




